Ambulanseorganisering
– Vi sit att fattige
– Vi i Skjåk sit att som den einaste kommunen i Nord-Gudbrandsdalen utan ambulanse. Vi fekk Svarteper. Vi sit att fattige, sa Bente Aamodt (Ap) på formannskapsmøtet tysdag.
– Vi i Skjåk sit att som den einaste kommunen i Nord-Gudbrandsdalen utan ambulanse. Vi fekk Svarteper. Vi sit att fattige, sa Bente Aamodt (Ap) på formannskapsmøtet tysdag,skriv Fjuken.
Les også: Ambulanseansatte oppgitt og Krever unnskyldning fra lokalpolitikere
Utsegnet kom i budsjettdebatten. Ho minna formannskapet om at kommunestyret hadde sett eit krav om heildøgnsambulanse for å vera med i den interkommunale legevaktordninga med base på Otta.
– Men vi fekk inga ambulanse. Kva er poenget med å fatte slike vedtak og koma med slike krav, dersom det ikkje får konsekvensar? Kva blir eigentleg gjort i denne saka nå, frå Skjåk kommune si side? undra Aamodt.
Ordførar Rolv Kristen Øygard sa seg samd i at Skjåk ikkje har kome heldig ut i ambulansesaka.
– Vi følgjer godt med på det som skjer, og ambulansestrukturen skal evaluerast. Eg er glad for at Lesja fekk ambulanse, og glad for at Dovre støtta opp om deira krav, sa han.
– Men kommunestyret i Skjåk vedtok at ei ambulanse i bygda var eit krav for å bli med i legevaktordninga! gjentok Aamodt.
Rådmann Jan Rune Fagermoen tykte det var heilt feil av Bente Aamodt å kalle legavaktordninga for fattig og fattigsleg.
– Det blir ei stor, moderne legevakt, med spesialhelseteneste og røntgen. Eg er viss på at legevaktordninga med base på Otta blir kjempebra, sa Fagermoen.
– Det trur eg og, sa Aamodt.
– Men vi blir fattigslege når vi ikkje får heildøgnsambulanse i Skjåk.