Luftambulanse

Varmt møte

Publisert Sist oppdatert

– Vi kjem aldri til å gløyme deg, Roger: Då to kvinner køyrde i sjøen i Ålesund, stupte redningsmann Roger Stenlund ut i det kalde vatnet i berre kjeledress. Han berga livet deira. NRK har skildra møtet mellom dei.

Over to månader er gått sidan den dramatiske uverskvelden 15. november, då Magny Hoff og Signe Høydalsvik køyrde på sjøen etter ein serveringsjobb. Medan det kalde vatnet strøymde inn i bilen fekk dei varsla naudsentralen.
Ektremveret «Hilde» herja og det blåste 26 meter i sekundet denne kvelden.
– Eg ropte høgare og høgare at dei måtte kome og hjelpe oss, fortel Høydalsvik.
Då kvinnene vart henta opp av sjøen var begge livlause og måtte gjenopplivast. Magny Hoff var klinisk død i ca 30 minutt og kjempa for livet i lang tid. Hoff er framleis innlagt på sjukehus, men gjer kvar dag store framsteg i opptreninga.

Sterkt møte

– Eg må nesten pynte meg litt når eg skal treffe att redningsmannen, smiler 69-åringen og dreg kammen gjennom håret. Litt sminke tar ho også på, før ho og Signe Høydalsvik kjøper blomar i sjukehuskiosken.
Berre få meter frå sjukehuset er basen til Lufttransport, der Roger Stenlund jobbar som redningsmann. I dag er den store dagen då kvinnene skal treffe att mannen som er årsaka til at dei er i live.
Og det er ikkje fritt for at det vert både hyling, klemming og litt tårer når Stenlund opnar døra og ynskjer Signe og Magny velkomen inn.
– Så kjekt å sjå dykk begge to, seier Stenlund med eit stort smil.
Sjølv om jobben hans er å berge liv, er det som skjedde på kaia utanfor Sunnmøre museum den kvelden slett ikkje daglegdags. Det å treffe pasientar i etterkant er heller ikkje noko han opplever ofte.

Les meir om saka og sjå bilete hjå NRK Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS