Hopp til hovedinnhold
Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. Foto: Fagforbundet.
Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. Foto: Fagforbundet.


– Vald og trugslar er ikkje akseptabelt

– Resultata frå Ambulanseforum si lesarundersøking om vald og trugslar i ambulansetenesta er svært alvorlege, skriv Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

KRONIKK: Resultata frå Ambulanseforum si lesarundersøking om vald og trugslar i ambulansetenesta er svært alvorlege. 92,6 prosent av dei som svarte seier at dei har vore utsett for anten vald eller trugslar. 57,4 prosent seier dei har vore utsett for både vald og trugslar. Dette er skyhøge tal.

Ein kan diverre ikkje seie at det er særleg overraskande. Vald og trugslar er ei utfordring i heile helsetenesta. Det vert ikkje teke på alvor, dei psykiske verknadene på personellet vært ikkje handsama godt nok og langtidsverknadene gjev ikkje rett til yrkesskadeerstatning. Dette er noko me i Fagforbundet har hatt eit fokus på lenge. Tala frå ambulanseforum er berre enda ei påminning at me er langt unna å være å mål med dette arbeidet. 

Helsepersonell generelt strekk seg svært langt for pasientane sine. Det er i utgangspunktet bra. Det syner at ein oppriktig bryr seg om menneska ein er sett til å hjelpe. Det kan likevel resultere i at ein set pasienten så høgt at det går ut over sikkerheita til helsepersonellet. Det må me unngå at skjer.

At somme AMK sentralar ikkje informerer ambulansepersonell om tidlegare valdshistorikk når ein rykkar ut er uakseptabelt. Teieplikt er viktig, men teieplikt mellom to nivå av helsetenesta kan ikkje gå føre sikkerheita til helsepersonell. Difor var me glade når helse- og omsorgsdepartementet sendte ut eit rundskriv i fjor kor dei klarla at dette er informasjon som ein kan gi vidare. Likevel høyrer me at det enkelte stader framleis er vanskeleg å få denne typen informasjon. Her må tenestene få på plass betre rutinar så snart som mogleg.

Utfordringa med vald og trugslar er ikkje enkel å løyse. Det er samansett og krev mange forskjellege tiltak. God nok informasjon til ambulansepersonalet er sjølvsagt. Leiarar med god nok kompetanse er òg viktig. Dei må vite både korleis handtere situasjonar som oppstår, og korleis få til ein god meldekultur lokalt sånn at ein får avviksmeldingar kvar gang ein vert utsett for ugreie situasjonar.

Det er ikkje helsepersonellet sin feil at slike situasjonar oppstår. Likevel kan det òg vere behov for å styrke fokuset på utfordrande situasjonar i utdanningane, sånn at dei er best mogleg utrusta til å handtere dei når dei oppstår. Særleg bør ein vere tydeleg på når ein må prioritere eigen sikkerheit og tilkalle politiet.

Me må alle vere tydelege på ein ting: vald og trugslar er ikkje akseptabelt. Ambulansepersonell skal vere trygge på jobb, og dei har rett på eit godt arbeidsmiljø. Resultata tydar på at fokuset på førebygging og handtering av vald og trugslar ikkje har vore godt nok. Det må me få ei endring på, og den må starte med ei anerkjenning av at tryggleik og godt arbeidsmiljø må gå fyrst.