Ambulanseorganisering

Utvidar ambulansestasjonen

Publisert Sist oppdatert

Då ambulansetenesta frå Jondal vart flytta til Odda vart det og behov for ein større stasjon, og no står tilbygget snart klart, skriv Hardanger Folkeblad.
– Bakgrunnen er omstillingsprosessen der Jondal ambulansestasjon vart lagt ned og ressursane flytta til Odda. Det gjekk frå ein døgnbemanna bil der til ein ekstra dagbil her, seier Roger Lynghamar, som er funksjonsleiar ved Odda ambulansestasjon.
Etter samanslåinga vart stasjonen like stor som den i Haugesund, og dei to er i dag dei største i Helse Fonna.
Den ekstra bilen gjer at ein og treng større plass, og i november starta ein å utvida stasjonen ved sjukehuset i Odda.
– Me får to nye garasjar og tilsvarande areal oppe. Der vert det nye soverom, og kanskje eit treningsrom, fortel Lynghamar.

Nye soverom

Frå før har dei tre garasjeplassar, men funksjonsleiaren legg ikkje skjul på at det vert godt med ekstra plass til ambulansar og vask. I tillegg får ein eigne bad knytt til soveromma, noko som sjølvsagt gjer høva for dei tilsette meir komfortable.

Saman med Eidfjord, Sauda og Suldal utgjer Odda område 1 i Helse Fonna, og er altså ein av dei to største i helseregionen. Lynghamar er nøgd med dagens bemanning, og ekstra nøgd med at dei før jul fekk ein ny ambulanse.
– Den har plass til to bårer og er romslegare enn dei me har hatt før, smiler han.
Etter planen skal dei totalt fire ambulansane kunne parkerte i den nye garasjen i løpet av våren.
Les meir om saka hjå Hardanger Folkeblad

Powered by Labrador CMS