Ambulanseorganisering

Utan ambulanse i ein månad

Publisert Sist oppdatert
Kommunelegen har sendt uromelding til Fylkeslegen, skriv Sogn Avis.
I snart ein månad har balestrendingane vore utan eigen ambulanse. No er det uro i rekkjene.
– Dette er ei alvorleg sak. Me kan ikkje godta at dette dreg ut i tid, seier Kjellaug Ekse Brekkhus, rådmann i Balestrand.
Tek tid
Helse Førde, som er ansvarleg for tenesta, fekk i byrjinga av juni beskjed om at Johnny Nokken sa opp avtalen om å køyra ambulanse i Balestrand.
31. august gjekk avtalen ut, og sidan har ambulansar i nabokommunane hjelpt til når det har vore behov. Så langt har ikkje dette ført til nokon alvorlege situasjonar, men ingen kan spå når det smell.
– Me har så langt ikkje fått meldingar om at ambulansen har kome for seint fram ved utrykking til pasientar i Balestrand. Men det er klart at me kan ikkje ha ei slik ordning så mykje lenger, slår Margrethe Vie Myhren, kommunalsjef i Balestrand kommune, fast.
Balestrand kommune og Helse Førde har jobba tett for å finna ei løysing på kattepina som har oppstått. Det meste er på plass for å setja ut i livet ei ny ordning, der sjukepleiarar har bakvakt og vil rykkja ut i lag med sjåfør og bil ved høve. Ordninga har tidlegare blitt omtala som ein rollemodell for kva som kan bli løysinga i andre kommunar i fylket.
Men heile opplegget heng no i ein tynn tråd. Ifølgje rådmannen i Balestrand er ikkje Helse Førde villige til å betala det ordninga kostar.
Les meir om saka hjå Sogn Avis
Powered by Labrador CMS