Ambulanseorganisering

Uroa for ambulansetenesta

– Helse Midt-Norge bør ikkje overta drifta av ambulansane, meiner fylkesvaraordførar Svein Roseth.

Publisert Sist oppdatert

– Helse Midt-Norge bør ikkje overta drifta av ambulansane, meiner fylkesvaraordførar Svein Roseth, skriver NRK Møre og Romsdal.

Helse Midt-Norge skal i løpet av våren ta stilling til om private drivarar skal halde fram eller om helseføretaket skal overta drifta av ambulansane.

– Fungerer godt no

– Ikkje øydelegg noko som fungerer, er rådet frå fylkesvaraordførar Svein Roseth frå KrF som er medlem av redaksjonsutvalet til fylkesårsmøtet i KS som startar fredag.

– Vi har veldig gode erfaringar med drivarane som er no, og det var uro rundt ambulanseordninga då vi inngjekk desse avtale i 2007. Det er svært få klager frå brukarane, dei private driv godt og rapportane frå Helse-Midt viser at ordninga er vellukka. Då meiner eg at det ikkje er noko poeng å skape uro igjen, men å heller ta saka opp igjen når den er moden for revisjon, legg han til.

Større miljø

– Kva er det du trur vil skje om Helse Midt-Norge tek over drifta sjølv då?

– Eg trur dei kan levere ei fagleg god teneste, men spørsmålet er om det vil kome ei sentralisering av ambulansane for å få større miljø. Då kan det verte ein del kommunar og bygdesamfunn som kan miste ambulansen sin. Det er ei følsam sak, seier Roseth.

Les mer om saken i NRK

Powered by Labrador CMS