Hopp til hovedinnhold


Unike redningsbilar

Ved å gjenbruka utrangerte ambulansar har Gulen og Masfjorden brann og redning fått unike redningsbilar som vil styrka førsteinnsatsen frå alle sju stasjonane, skriv Nordhordland.

 

– Så langt eg veit er det ingen andre som har gjort noko tilsvarande, seier ein stolt brannsjef Sigvald Kvinge. Onsdag presenterte han den første av seks redningsbilar som skal på plass ved stasjonane i Gulen og Masfjorden. Bilen henta han sjølv frå fabrikken i Flekkefjord på mandag, der det nye utstyret vart tilpassa og montert.

Avgjerande innsats

Redningsbilen er meint å vera første bil som rykkjer ut ved ein alarm, og er fylt med utstyr som gjer at ein kan gjera avgjerande tidleg innsats med enkle midlar.

Bilen er utstyrt med skumslukkeanlegg og røykdykkarutstyr, i tillegg til førstehjelpsutstyr.

– I tillegg har vi batteridrevet redningsutstyr til frigjering frå til dømes bilvrak ved ulykker, fortel Kvinge. Vekt har vore eit viktig poeng i utrustinga av bilen, og med batteridrift slepp ein tunge straumaggregat.

God samfunnsøkonomi

– Det spesielle med dette er gjenbruken, som gir god samfunnsøkonomi. Vi gjenbrukar gamle ambulansebilar som ikkje lenger er eigna til å køyra 100000 kilometer i året som ambulanse, men som er særs godt eigna til ein brannberedskap der dei for det meste står i ro, seier han.

Les meir om saka hjå Nordhordland