Hopp til hovedinnhold


Uklart om subsidiering av ambulansesentral

Fristad Eiendom tilbyr Vinje Ambulanse ny ambulansestasjon i tilknyting til parkeringskjellaren. Men det krev at Vinje kommune subsidierer husleiga med 100.000 kroner per år.

Fristad Eiendom tilbyr Vinje Ambulanse ny ambulansestasjon i tilknyting til parkeringskjellaren. Men det krev at Vinje kommune subsidierer husleiga med 100.000 kroner per år.

I samband med at Vinje kommunestyre torsdag skal drøfte naudsynte avklaringar kring Fristadsenteret kjem også spørsmålet om ambulansestasjon opp.

Rådmann Hans Kristian Lehmann gjer framlegg om at kommunestyret kjem attende med ei vurdering av subsidiering av husleige til Vinje ambulanse i samband med budsjettet for 2010.

Helse Sør-Øst sitt ansvar
I saksutgreiinga skriv rådmannen at ambulansesentral i Åmot strengt tatt ikkje er ei kommunal oppgåve. Ambulansetenesta er eit ansvar for Helse Sør Øst.

Han peikar elles på at det også er kome innspel om ambulansesentral knytt til helsesenteret. Det tyder at kommunen byggjer ut sentralen og leiger han ut til Vinje ambulanse. Lehmann trur ikkje subsidielementet vert mindre med ei slik løysing samanlikna med sentral i Fristadsenteret.

Kommunestyret vert invitert til å drøfte det prinsipielle ved om kommunen i det heile skal subsidiere husleiga for ambulansetenesta.

Fortvila over ambulansar utendørs
Tore Damberg ber i eit brev til kommunen om ei rask avklaring frå kommunen om dei vil vere med på etablering av ein ambulansestasjon i Fristadsenteret. Damberg skriv at han har gjeve tilbod til Geir Venås som eig Vinje ambulanse om ei subsidiert husleige.

Dersom kommunestyret er samd med rådmannen vil ikkje kommunen kome med ei endeleg avgjerd før budsjettmøtet i desember.

Etter kva VTB erfarer er husleiga til ambulansestasjonen i Fristadsenteret stipulert til 300.000 kroner per år.

Geir Venås seier det er fortvila at dei to ambulansane i Vinje står utandørs. Han trur det må vere den einaste ambulansestasjonen som er utan fasilitetar som gjer det mogleg å sjekke bilane og utstyret innandørs.

– Me skulle gjerne hatt både garasje og vaskeplass. Den husleiga me er presentert for ein tidsmessig ambulansestasjon er altfor høg til at me klarer det på eiga hand, fortel Geir Venås.

Les heile saka i Telemark Blad