Hopp til hovedinnhold
Babcock sitt jetfly under take off. Foto: Luftambulansetjenesten HF


Tromsø får ambulansejetfly

Ein EU-avtale om ambulansejetfly skal styrke helseberedskapen i Nord-Norge med Svalbard.

Helse- og omsorgsdepartementet har vedtatt å stasjonere eit ambulansejetfly i Tromsø, melder High North News.

Flyet går inn som eventuell norsk bistand under eit EU-program for transport av pasientar med alvorlege smittsamme sjukdommar.

– En slik ressurs vil også bety en styrket beredskap i Norge, ved at dette jetflyet kan supplere luftambulansetjenesten i Norge i perioder der det ikke blir brukt til transport av høyrisikopasienter i EU, skriv statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet i ein epost til High North News.

Viktig for Svalbard

Svalbard-samfunnet har lenge kjempa for å få eit ambulansejetfly stasjonert i Tromsø.

– Om det først skjer noko her, er tida ein kritisk faktor. Me er heilt avhengige av å kunne transportere alvorleg sjuke pasientar til fastlandet. Ofte er det avgjerande at det skjer fort.

Eit ambulansejetfly går raskare enn dei ordinære propellflya, og er noko me absolutt ynskjer oss, seier dagleg leiar Bente Brataas ved Longyearbyen sykehus til High North News.

Medan eit jetfly brukar rundt 1,5 time frå Tromsø til Svalbard, er tilsvarande tid for propellflya om lag 2 timar og 20 minuttar. I tillegg toler jetfly meir vêr og last enn propellflya.

– Me er så avhengige av at me kan stola på at det er eit ordentleg fly som kan koma fort når me treng det. Det er ein tryggleik for alle som bur og ferdast her, seier Brataas. 

Arktisk spesialressurs

Tidlegare avdelingsoverlege Mads Gilbertved Universitetssykehuset Nord-Norge uttalte til Svalbardposten i januar at eit jetfly i Tromsø måtte bli ei permanent løysing for Nord-Norge.

Eit slikt vil vera ein viktig del av den nasjonale beredskapsressursen og fungere som ein arktisk spesialressurs.

– Det vil gi nye mogelegheiter til raskt å kunne nå Svalbard og stamflyplassar i Nord-Noreg.

I tillegg kan me raskt fly spesielle pasientgrupper til dei nasjonale sentra i Noreg. Nyfødde med store misdanningar til Rikshospitalet, brannskadde til Haukeland, transplantasjonspasientar eller pasientar som må til utlandet, sa klinikkoverlegen.

EU-midlar

I mai 2020 ba Stortinget regjeringa syta for permanent ambulansejetfly i Tromsø.

I juni ba Helse- og omsorgsdepartementet dei regionale helseforetaka om å leggje til rette for eit jetfly i Tromsø, og å sjå dette i samanheng med eventuell norsk bistand under EU-programmet for transport av alvorleg sjuke smittsamme pasientar.

I ei pressemelding knytt til forslaget til statsbudsjett for 2021, som vart lagt fram førre veke, stadfestar regjeringa at dei har inngått ein avtale med EU om smittefly.

Ifølgje pressemeldinga betyr ordninga at EU fullfinansierer ambulansejet-tilbodet i perioden 2021-2026. I første omgang dreier det seg om rundt fem millionar euro i år.

Dette skal dekke førebuingar, trening, utgifter til å skaffe fly og utgifter til medisinsk-teknisk utstyr. EU vil deretter dekke drift og ståande beredskap.

For heile perioden har avtalen ei samla ramme på om lag 60 millionar euro.

Les hele saka hos High North News.