Barn
Tredobla dei siste 30 åra
I går fortalde Bergens Tidende at talet på fødslar utanfor sjukehus har nær tredobla seg dei siste 30 åra. I dag skriv avisa at dei som føder utanfor medisinsk personell til stades må bere risikoen sjølv. Dei har ingen rettar om ting skulle gå gale.
I går fortaldeBergens Tidende at talet på fødslar utanfor sjukehus har nær tredobla seg dei siste 30 åra, skriv NRK.
I dag skriv avisa at dei som føder utanfor medisinsk personell til stades må bere risikoen sjølv. Dei har ingen rettar om ting skulle gå gale.
Pasientskadelova skal sikre at ein får hjelp og erstatning ved skader. Men no viser det seg at dei som føder barn utan kvalifisert helsepersonell til stades, står utan juridisk vern.
Jordmor og jurist Berit Grimsrud Syversen har skrive ei ny masteroppgåve i rettsvitskap om erstatningsansvar og fødselsskadar.
– Dersom det skjer ein fødselsskade under transport til sjukehus, vil kvinna og barnet vere avhengig av at fødselen skjer i ein ambulanse eller på ein stad der helsepersonell er til stades, seier Grimsrud Syversen til Bergens Tidende.