Fagforbundet
Travel haust for Fagforbundet - innspel til fire høyringar med meir
Vi går snart mot eit nytt år, og ynskjer med dette å oppsummere ein aktiv haust på det prehospitale området.
Fagforbundets bilag nr. 5 i Ambulanseforum nr. 5 2020
Yrkesseksjonen i Fagforbundet har yrkesfag og yrkespolitikk som sit hovudanleggjande. På det prehospitale området har hausten vore travel.
Yrkesseksjon helse og sosial har bidratt med innspel til fire høyringar frå ulike departement. Den største høyringa gjaldt særaldersgrenser. Her bidrog yrkesseksjonen og Faggruppe prehospitale tenester med yrkesfaglege argument som blei tatt direkte inn i høyringsdokumentet.
Y-vei
I tillegg har vi gitt positivt svar på høyringa om å endre forskrifta til opptak på paramedisinstudiet, slik at ambulansearbeidarar kan ta utdanninga utan å måtte ta generell studiekompetanse først.
Vi har også samarbeida med Yrkesseksjon samferdsel og teknisk om ei høyring der politiet skal ha rett til yrkesskadeerstatning under trening. Vi påpekte at dette bør gjelde alle grupper som deltek i politioperativ trening.
Kompetansekrav i ambulansetenesta
I tillegg har vi gitt innspel til Helsedirektoratet på høyringa om «Vurdering av endringer i akuttmedisinforskriften som gjelder kompetansekrav i ambulansetjenesten». Dette er viktig, slik at 2. års lærling framleis kan vere andremann på bil.
Avtalen med Ambulanseforum blei forhandla på ny i haust. Alle medlemmer får tilsendt Ambulanseforum saman med Fagbladet, samt får redusert pris på nettutgåva. Dette er eit svært godt, fagleg medlemstilbod.
Faggruppa bidreg også med tekst i eit bilag i kvar utgåve i Ambulanseforum (det du les no), og får vist fram Fagforbundet sitt syn på mange viktige saker.
Webinar
Storefjellkonferansen vart som kjent avlyst på grunn av koronasituasjonen. Yrkesseksjonen jobbar med å få på plass webinar som kan dekke nokre av dei tema som skulle vere på Storefjell. Eit webinar om skikkethet blir arrangert i november, det er relevant for mange av yrkesseksjonen sine grupper.
Arbeidstilsynet har dei siste åra hatt eit omfattande tilsyn med ambulansetenesta.
Avvik etter tilsyn
Det vart dessverre avdekka mange avvik. Fagforbundet har vore ein pådrivar i dette arbeidet, og deltek i den partssamansette arbeidsgruppa til Arbeidstilsynet.
Vi har blant anna peika på kor viktig det er å involvere tillitsvalde og vernetenesta i arbeidet med å lukke avvika.
Vi har også jamnlege møter med Spekter, som fylgje av samarbeidsavtalen.
Her er det løfta inn spørsmål om kompetansebehov i tenesta, samt avvik Arbeidstilsynet avdekka. Dette arbeidet vil fortsetje også inn i 2021.
Ny læreplan
I haust er den endelege høyringa for den nye læreplanen for ambulansearbeidarfaget.
Fagforbundet har hatt ein plass i læreplangruppa ved Christin Haslestad, og eit stort arbeid har vore lagt ned frå yrkesseksjonen si side for å påverke til ein best mogleg læreplan for ambulansefaget.
Ambulansearbeidardagen finn stad kvart år den 21. september. Den vart også i år markert. Yrkesseksjonen laga eit lesarinnlegg om kor viktig ambulansetenesta er, dette vart spreidd i mange lokalaviser. Her er samarbeid med lokale og regionale ledd avgjerande.
Dei prehospitale tenestene har også ei eiga Facebook-side for medlemmer i tillegg til nettsidene. Her legg vi ut ein del relevant stoff.
I haust har yrkesseksjonen hatt viktige saker på det prehospitale området på trykk i både Fagbladet og Ambulanseforum, to viktige kanalar for å nå medlemmer, og potensielt verve nye.
Grunnstamma
Fagforbundet organiserar to viktige yrkesgrupper i naudetatane, både brann og ambulanse. Yrkesseksjon helse og sosial og Yrkesseksjon samferdsel og teknisk har starta på eit samarbeid om viktige tema på dette området. Dette gjeld særleg utfordringa der brann har ei auke i antal helseoppdrag.
Yrkesseksjonen i Fagforbundet har yrkesfag og yrkespolitikk som sitt hovudanleggjande. Vi ser at det blir viktige spørsmål å avklare også framover.
Dette gjeld blant anna kompetansespørsmål, og utviklinga av faget. Vi vil kjempe for at ambulansefagarbeidaren er grunnstamma i ambulansetenesta, og samarbeidar godt med sjukepleiarar og paramedisinarar.
Vi tek gjerne imot innspel til korleis vi kan løfte viktige tema saman.
Her er yrkesseksjonen avhengig av lokalt og regionalt initiativ, og samarbeid. Vi håpar også på gode forslag og diskusjonar fram mot den komande Landskonferansen og Landsmøtet i 2021.