Nødmeldetjeneste

Totalt isolerte

Kommunen og beredskapsavdelinga hjå Fylkesmannen i krisemøte i dag. Luftputebåten står og det er ikkje flygever.

Publisert Sist oppdatert

Kommunen og beredskapsavdelinga hjå Fylkesmannen i krisemøte i dag. Luftputebåten står og det er ikkje flygever, skriv Sogn Avis.

Med eit snøfall på ein halv meter ekstra i natt er Veitastrond totalt isolerte frå omverda etter at gigantskreda gjekk natt til laurdag.

– Eg kontakta AMK i dag tidleg og varsla om at no er me heilt isolerte, seier John Molland, leiar for bygdalaget.

Snøen lavar ned og det er dårleg sikt, noko som gjer at det ikkje er flygever for helikopter om noko akutt skjer. Dei store snømengdene gjer at også luftputebåten ikkje kan brukast.

– Den klarar ikkje å flyta opp på snøen når det er snakk om så mykje nysnø, seier Molland, som tykkjer at det ikkje er noko triveleg situasjon å vera i.

– I dag er det ikkje kjekt når me veit at bygda er totalt isolert. Me er veldig redde for at nokon skal bli sjuke eller det skal skje til dømes ulukker, seier Molland.

Les meir om saka hjå Sogn Avis

Powered by Labrador CMS