Ambulanseorganisering
To heildøgns ambulansar
Frå 1. april blir det to heildøgns ambulansar for Lom og Skjåk, skriv Fjuken.
– Dette er noko vi både har ynskt og arbeidd for lenge, kommenterer ein nøgd skjåkordførar Rolv Kristen Øygard.
Lom og Skjåk har i dag to ambulansar på dagtid og ei ambulanse på natt. Mange, både innbyggjarar og politikarar, har over lang tid uttrykt sterke ynskje om å få minst to heildøgnsambulansar.
Les meir om saka hjå Fjuken