Hopp til hovedinnhold


Tek fagbrev etter 30 år i teneste

Nils Ove Hove har vore ambulansearbeidar i 30 år, no har han sett seg på skulebenken for å ta fagbrev.

Nils Ove Hove har vore ambulansearbeidar i 30 år, no har han sett seg på skulebenken for å ta fagbrev, skriv Sogn Avis.

- Kravet er at ein på vaktlaget har fagbrev, og det vert lettare å få turnusen til å gå opp når me tre som vil ha fagbrev, seier Nils Ove Hove.

To av dei tilsette i Vik skal alt fredag 4. juni ta teoriprøven til fagprøven. Fire stillingar har ambulansestasjonen i Vik. Ingen av dei tilsette har fagprøve. Når tre tilsette på eige initiative no har gått i gang med å ta fagbrev, så vil dei om ikkje alt for lenge stetta krava til å ha faglært ambulansearbeidar.

- Me prøver å gjera vårt til at me skal oppfylla lovkrava, men eg saknar ei oppfølging frå Helse Førde.

Helse Førde er ambulanseeigar, og sit med ansvaret for at dei tilsette oppfyller lovkrava. Eg tykkjer dei kunne vore flinkare når det gjeld til å følgja opp krava. Fram til no har det vore overlate til den enkelte å få seg fagbrev, seier Hove.

Les meir om saka i Sogn Avis