Aktuelt
Sykepleiar overprøvde lege - redda barn
Sju veker gammal, fekk Irina alvorleg lungebetennelse og pustevanskar. Då mora ringde legevaktsentralen i Førde, fekk ho beskjed om at babyen berre var tett i nasen. Ei sjukepleiar overprøvde legen og rekvirerte ambulanse umiddelbart., skriv NRK Sogn og Fjordane.
Legen, som tidlegare jobba ved legevaktsentralen, får no krass kritikk av fylkeslegen.
I byrjinga av januar i fjor ringde mora legevakta. Irina, som var fødd fire veker for tidleg og tvilling, og som vog litt i underkant av fire kilo, var alvorleg sjuk.
Ho hadde feber, ville ikkje lenger ha pupp og hadde problem med å puste. Renate England fortel kva som skjedde då ho snakka med ein lege ved legevaktsentralen i Førde.
– Ho spurte om Irina var tett i nasen og hosta. Det svarte eg ja til. Då meinte ho at det var det som gjorde at Irina ikkje ville drikke, og at eg berre skulle gje henne saltvasspray, fortel England.
Men den fortvila mora var viss på at noko var gale, og sa til legen at Irina også pusta rart.
– Då la ho berre på røyret. Eg stod att og var heilt mållaus, fortel England.
Sjukepleiar ringde opp att
Like etter at legen hadde lagt på røret, ringde telefonen heime hos Renate England.
Ein sjukepleiar var i andre enden, og spurde om legen berre ville gje babyen paracet og saltvassoppløysing. Då dette vart stadfesta av mora, tok sjukepleiaren sjølv affære. Sjukepleiaren overprøvde legen og rekvirerte ambulanse umiddelbart.
Fylkeslenge Per Stensland rosar sjukepleiaren som overprøvde legen.
– I dette tilfellet har det heldigvis skjedd at ein erfaren og dyktig sjukepleiar har overprøvd ein ung og uerfaren lege. seier Stensland.
– Skjer det ofte at sjukepleiarar overprøver legar?
– Nei, det gjer ikkje det, seier Stensland.
Fylkeslegen er kritisk til det som skjedde.
– Då har vi ein situasjon som er det vi kallar medisinsk uforsvarleg, og vi meiner det var mykje å setje fingeren på. Ein skal ha særs god grunn for å ikkje undersøkje eit slikt barn, sjølv som lege, seier Stensland.
Konstaterte lungebetennelse og RS-virus
Etter at sjukepleiaren ved sentralsjukehuset tok affære, kom ambulansen raskt til Balestrand.
– Dei tok berre med seg ungen og drog, og så pakka eg eit par ting og så drog eg, Maria, Ivan (storebror) og Jan-Egil etter ambulansen, fortel England.
Då det vesle barnet vart undersøkt ved Førde sentralsjukehus fann legane raskt ut kva som var årsaka til den dårlege allmenntilstanden til barnet.
– Ho hadde RS-virus og lungebetennelse. RS-viruset er veldig farleg for så små barn. Irina var kopla til ei maskin som heile tida målte oksygenmettinga hennar. Den peip heile natta, for ho hadde så låg metting. Eg likte situasjonen veldig dårleg, fortel England.