Hopp til hovedinnhold


– Svekker lokal akuttberedskap

– Det burde stillast kompetansekrav også til dei som har utarbeidd framlegg til nye legevakt-forskrifter. I kommunar som Bremanger betyr forslaget at legevakttenesta vil bli sentralisert bort, seier legevaktansvarleg lege Kan Shanker til Firdaposten

Formannskapet i Bremanger skal handsame si høyringsuttale om krav til og organisering av kommunal legevaktordning. Kan Shanker har spelt inn sine merknader til kommunalsjef Randi Ytrehus, som er sakshandsamar.

Spesialistkrav
I framlegget til ny forskrift er det eit sentralt poeng at vakthavande lege skal kunne skilte med spesialistkompetanse i allmennmedisin. Det er også gitt moglegheiter for andre fastlegar med driftsavtale frå ein viss dato.

– Når ein lege vert spesialist, så vurderer vi sjansane for at vedkommande ikkje vil delta i kommunal legevakt som større, fordi finansiering etter spesialisering krev eit større pasientomløp i dagleg praksis. Då vert små kommunar for små, påpeikar Shanker og viser til at refusjonsordningar for spesialistar er knytt til tal konsultasjonar. Konsekvensen er at mindre distriktskommunar i lange periodar ikkje vil ha legar som er kvalifiserte til å ta legevakt.

Kan trenge fleire fastlegar
Shanker stiller også spørsmål om kva som er poenget med å krevje spesialistkompetanse i allmennmedisin til dømes med sjukehusteneste i godkjent avdeling for rehabilitering eller psykiatri, som eit kriterium i ein legevaktfunksjon der kompetanse i akuttmedisin burde vere det sentrale kravet.

– Vi stiller spørsmål ved om krav til spesialisering generelt er tenleg for å auke kompetansen i akuttmedisin.

Han trur at dersom forskrifta om legevakttenester blir vedteken etter framlegget, så vil små kommunar måtte tenke nytt og vurdere å tilsetje fleire allmennlegar. Då vert det lite å spare.

– I vår kommune er 95 prosent av problemstillingane som blir handtert i legevakt, IKKJE akutte tilfelle. Legevakta i Bremanger har fleire funksjonar enn det legevakta skal ha etter lov og forskrift. Legevakta fungerer i stor grad som ei forlenging av fastlegetenesta, forklarer Shanker.

Les meir om saka hjå Firdaposten