Hopp til hovedinnhold


Stor redningsøving i helga

Laurdag og søndag blir det fleire redningsøvingar i fjella i Rosendal- og Uskedals-området, skriv Kvinnheringen.
Det er Hordaland Alpine Redningsgruppe (HARG) som står bak øvinga som involverer fleire redningsaktørar. Mellom anna vil både eit Sea King-helikopter og eit luftambulanse-helikopter vera i aksjon både laurdag og søndag.
Norske Alpine Redningsgrupper har i alt ni grupper og som har ei årleg samling. I år er denne lagt til Rosendal og HARG er arrangør.
– Målet er at medlemer i Alpine Redningsgrupper møtes og øver i lag med samarbeidspartnarar som 330-skvadronen, luftambulanse, politi og hovudredningsentralen, for å samkjøra metodar og ustyr, opplyser leiar for HARG, Stein Falsen Møller.
Han legg til at det er viktig for dei ulike etatane å utveksla erfaringar ved aksjonar og øvingar, for å heva kvaliteten, og for å gjera operasjonane sikrast mogeleg både for hjelparane og dei som treng hjelp.
Les meir om saka hjå Kvinnheringen