Medieklipp

Står fast på vegval til trippeldrap

Publisert Sist oppdatert

– Du blir litt frustrert når du kjem sist. Du har alltid lyst til å vere først. Du har alltid lyst til å hjelpe. Men avstand kan du ikkje gjere noko med. NRK Sogn og Fjordane har intervjua politibetjenten som rykte ut til bussdrapa i Årdal.
Siste: Får likevel tilgang til AMK sin lydlogg
Mer om saken: Innringer: «Terrorhandling. Flere drepte.» og Politiet må sette ned evalueringsutval etter bussdrapa
Orda kjem frå politibetjenten som saman med ein kollega rykte ut til det som skulle vise seg å vere eit trippeldrap på Valdressekspressen, måndag 4. november.
Vegard Andersen var nett komen på jobb då dei fekk meldinga.
– Vi var nett komne på jobb, og det låg arbeid som venta på oss. Folk skulle inn til avhøyr. Då vi køyrde, så var det etter melding om ei trafikkulukke, fortel politibetjenten.
Med kontorlokala i Lærdal, kunne patruljen køyrt to ruter. Dei 59 kilometerane om Årdalstangen og Årdal, eller dei 84 kilometerane gjennom Lærdalsdalen til Holsbru.
Patruljen var godt på veg på den lengste ruta, då dei fekk vite korleis situasjonen eigentleg var på Valdressekspressen.
Valet patruljen gjorde har i etterkant blitt tema for både debatt og kritikk. Det tok 57 minuttar før politipatruljen kom fram til åstaden. Då hadde brannfolk pågripe den sikta .
– Eg føler det blir framstilt som om det er vi som har gjort noko gale, seier Andersen og står fast på at dei valde rett veg til Holsbru.
– Eg har køyrt ruta vi valde ganske mange gonger. Det same med ruta om Årdal. Vi vel å køyre dalen for vi veit at vi kan køyre mykje fortare. Det er fin veg, det er Europaveg og du kan halde den farten bilen klarer under utrykkinga, seier han.
Bakgrunn: Brannmenn pågrep drapsmann med pulverapparat
Les og: Brannvesenet vart ikkje varsla om om knivmannen og Ambulansearbeidere teipa sikta på hender og føtter
Meir om Årdal-drapa:Ambulansetjenesten måtte vente en time på politiet, Brannfolkene frustrert av å vente på politiet, Politi og ambulanse fikk gisselvarsel samtidig og Pål overmannet den trippeldrapsiktede 30-åringen
Debatt: Frykter at tregt politi skal koste liv og Hvor blir det av ny instruks for skarpe oppdrag?
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS