Ambulanseorganisering

Sløkte håpet om ambulanse

Publisert Sist oppdatert

Verken Aurland eller Balestrand ser ut til å få att ambulanse hjå Helse Førde, skriv Sogn Avis.
Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde var fredag i regionrådet for å snakka om den sokalla samla planen for prehospitale tenester i helseføretaket.
På høyring
I klartekst betyr dette korleis Helse Førde tenkjer seg ambulansetenesta organisert framover. Planen, som Sægrov er prosjektleiar for, blir sendt ut til høyring i kommunane i fylket i januar. Før styret i Helse Førde skal behandla den i marsmøtet sitt.
Både Aurland og Balestrand er utan ambulanse stasjonert i eigen kommune. Og i begge desse kommunane er det krystallklare krav om å få ambulansestasjon tilbake.
Men ifølgje kartet Sægrov presenterte for regionrådet, blir det neppe ambulansestasjon verken i Aurland eller Balestrand.
Einaste lovnaden dei to kommunane fekk frå Sægrov, var at det blir vurdert å styrkja ambulansestasjonane i Lærdal og Høyanger.
Les meir om saka hjå Sogn Avis

Powered by Labrador CMS