Ambulanse

Slo og sparka ambulansearbeidar under utrykking

Publisert Sist oppdatert

Ei 21 år gammal kvinne er dømd til seks månaders fengsel etter å ha slått og sparka ein ambulansearbeidar då ho vart køyrt til sjukehus, skriv NRK Sørlandet.
Det var i juli for to år sidan at den då 19 år gamle kvinna vart henta av ambulanse og skulle transporterast til sjukehuset i Arendal.
Under transporten gav ho uttrykk for at ho ikkje ynskte å vere med i ambulansen.

Slo og sparka

Kvinna vart spent fast i båra før ambulansen sette kursen mot sjukehuset i Arendal. Det var på turen mot Arendal at ein av ambulansearbeidarane vart angripe av 21-åringen.
Ambulansearbeidaren skal ha blitt slått med knytt hand mot hovudet fleire gonger. Slaga trefte mellom anna øvre kinnbein og tinning.
21-åringen låg fastspent på båra, men klarte til slutt å komme seg laus. Ambulansearbeidaren hadde bilbelte på seg, og klarte ikkje å komme seg unna slag og spark frå pasienten. Ho forsøkte å beskytte seg med hendene.
Ambulansearbeidaren fekk til slutt kontakt med kollegaene sine og ambulansen stoppa på E18.

Framleis arbeidsufør

Ambulansearbeidaren har hatt store problem i etterkant av hendinga og er framleis ikkje tilbake i jobb.
Ho forklarte mellom anna i retten at ho har synsproblem og slit med å lese.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS