Medieklipp
Skipar folkeaksjon
Balestrand kommune gjer ikkje opp håpet om å få ambulansen tilbake til kommunen. I tillegg til at dei ber styret i Helse Førde om å ta opp saka, skipar innbyggjarar til folkeaksjon, melder NRK Sogn og Fjordane.
– Vi kan ikkje akseptere tilbodet slik det er no. Vi må finne meir fakta i saka og kontakte styret i Helse Førde og forklare dei realitetane, for det er dei som avgjer, seier leiar for arbeidsgruppa som er sett ned av innbyggjarar i Balestrand, Erland Fagermoen.
Sidan september, i nærare eit halvt år har kommunen i Sogn vore utan eigen ambulanse. Skulle nokon bli sjuke, skade seg i eit trafikkuhell eller på annan måte ha behov for sjukebil, er det personell og bil frå nabokommunen Høyanger som blir kalla opp. Det er ordførar i kommunen lite nøgd med.
– Det er spesielt responstida vi er uroa over. Vi meiner den vil vere 40 minuttar eller meir, og ikkje ein halvtime som Fylkeslegen har skissert, seier ordførar Harald Offerdal.
Folkeaksjonen ynskjer også å sjå nærare på erfaringane så langt.
– Vi må få oversikt over faktiske tilfelle der det har vore nødvendig med ambulanse og kort responstid, og samanlikne desse med korleis det var når vi hadde fast ambulanse i kommunen, fortel Fagermoen.
Dei satsar på å skipe til eit folkemøte for alle interesserte i byrjinga av april.
Les meir om saka hjå NRK