Innenriks
Skal ikkje lenger vekkje overdoseoffer
– Når me vekkjer dei, stikk dei av og tek ein ny dose, seier ambulansearbeidar Otto Sætre-Hansen til Bergens Tidende.
Helse Bergen har endra reglane for korleis ein behandlar ruspasientar. I staden for å gje dei som har tatt overdose nok medisin til å vakne, køyrer dei pasienten direkte til rusakutten. Håpet er at færre skal døy av overdose, og at fleire rusavhengige skal ta i mot behandling.
– Eg har gitt han nok motgift til at han pustar greitt, men ikkje så mykje at han vaknar, fortel Sætre-Hansen.
Han snakkar om pasienten han nettopp har behandla for overdose.
– Pasientane stikk av
Dei fleste overdosedødsfall skuldast mangel på oksygen. Fram til i dag har difor ambulansearbeidarar gitt motgifta Nalokson for å hjelpe pasienten å puste. Motgifta gjer at rusen sluttar å verke, og pasienten vaknar.
– Problemet er at når pasienten vaknar etter å ha fått motgift, stikk dei av for å få påfyll av dop. Motgifta gjer at rusen forsvinn, og pasienten vaknar opp med store abstinensar, fortel overlege og sjef for Akuttmedisinsk avdeling i Bergen, Guttorm Brattebø.
Større sjanse for dødsfall
Ifølgje SINTEF er det store sjansar for overdosedødsfall ved påfyll av rus rett etter ein overdose.
– Når me gjer dei motgift der rusen sluttar å verke, tek dei gjerne ei enda større dose kort tid etter overdosa. Då kan det fort gå gale, seier Brattebø.
- Vil få fleire i behandling
No vil altså Helse Bergen at overdosepasientane skal sove ut rusen på rusakutten.
– Då slepp me at dei stikk av, og me har ein større sjanse for å klare å overtale pasienten til å ta i mot behandling. Håpet er at færre døyr av overdose, og at fleire skal ta i mot behandling for å bli rusfri, seier leiar for rusakutten i Helse Bergen, Anne Margrethe Stokken.
Ho seier det er for tidleg å sjå om dei nye reglane har ført til at fleire rusavhengige tek i mot behandling.
Les meir om saka hjå Bergens Tidende