Hopp til hovedinnhold
Politiet åpner lås for ambulansepersonell under oppdrag i Stavanger. Foto: Live Oftedahl (2014)


Sjukehusleiar ut mot politiet: Seier dei nekta å stille opp ved tvangsinnlegging

Helsevesenet meiner at politiet i for liten grad er til hjelp når pasientar skal tvangsinnleggast. Dei må gjere meir sjølv, meiner politiet.

Då ein 37 år gammal schizofren, paranoid og trugande mann skulle tvangsinnleggast, nekta politiet å bli med for å hjelpe helsepersonellet.

Det enda med at mannen stakk av, sier fagdirektør ved Lovisenberg Diakonale Sjukehus i Oslo, Jan Petter Odden til NRK.

– Politiet ville ikkje hjelpe oss og meinte at dette måtte vi klare sjølv. Vi kunne derimot ringe tilbake viss det var akutt, men situasjonen var jo nettopp akutt.

Dette er berre eitt av fleire døme på at politiet ikkje stiller opp i tilstrekkeleg grad, seier Odden.

Odden påpeiker at han ikkje uttaler seg om den konkrete saka.

Som øvste faglege leiar for eit av sjukehusa med eigen psykiatrisk klinikk, er han derimot temmeleg nådelaus i sin kritikk av manglande hjelp frå politiet.

Episoden for eit par veker sidan med mannen i 30-åra, er ein av fleire episodar der sjukehuset meiner at politiet burde ha stilt opp.

Då politiet ikkje ville stille med mannskap, klarte mannen å komme seg unna.

– Det gjekk tre dagar før vi fekk kontroll over den situasjonen, då med hjelp frå politiet. Vi meiner at politiet absolutt burde ha hjelpt oss i utgangspunktet. Helsepersonell har ikkje mandat til å utøve makt utanfor sjukehuset.

Har hatt godt samarbeid

Odden seier at dei i mange år hatt et veldig godt samarbeid med politiet i Oslo og fått bistand ved psykisk helsevern.

– Men dei siste åra har vi opplevd at politiet ikkje bidreg lenger i same grad som tidlegare, seier Odden.

Oslo politidistrikt vil ikkje stille til intervju i denne saka, men skriv i ein e-post at dei denne aktuelle dagen i oktober hadde 11 ulike førespurnader om hjelp frå helsevesenet.

Meiner bistand ikkje er naudsynt

Dei understrekar at dersom det hadde oppstått ein akutt situasjon, er det ingen tvil om bistand.

Hittil i år har helsevesenet bede Oslo politidistrikt om hjelp 1893 gonger. Det dreier seg ofte om personar som er pålagt tvungent psykisk helsevern.

Totalt har politiet loggført over 3700 oppdrag i samband med helse og psykiatri i år.

Odden seier at hittil i 2021 har politiet berre assistert Lovisenberg i 13 av 39 tvangsinnleggelser.

– Dei fleste slike oppdrag handterer vårt helsepersonell sjølv, seier Odden.

I eit brev Oslo politidistrikt har skrive til Politidirektoratet trekk dei fram fleire døme på at politiet må vere med på oppdrag dei meiner helsepersonell burde ta hand om sjølv.

Som døme nemner dei bistand til å låse opp dører.

Samarbeid mellom politi og helse


  • Det er eit rundskriv frå 2012 som regulerer samarbeidet mellom politi og helse i potensielt farlege situasjonar.
  • Alle vil at dette rundskrivet og regelsettet skal gjerast noko med, men det er ulikt syn på kva som bør gjerast.
  • Helsedirektoratet har saka på sitt bord, men på grunn av blant anna korona har dette arbeidet tatt lenger tid enn det ein trudde.

– Behov for bistand

Men fagdirektør Jan Petter Odden på Lovisenberg sjukehus avfeiar denne kritikken frå politiet. Han er langt frå nøgd med situasjonen slik den er no.

– Dei siste åra – og særleg det siste året – så har det vore tilfelle der vi ikkje har fått den bistanden vi treng i saman med utøving av tvungent psykisk helsevern. Særleg gjeld dette pasientar som bur heime hos seg sjølve, seier Odden.

NRK har vore i kontakt med ei rekkje helseføretak og sjukehus den siste veka. Det kan verke som at dette i stor grad er ei utfordring i Oslo-området.

Det distriktspsykiatriske senteret i Groruddalen opplyser at i snitt er det eitt til to tilfelle i månaden der dei meiner at dei ikkje får naudsynt bistand.

Dette senteret er ein del av systemet til Akershus universitetssjukehus.

– Dette er potensielt alvorlege situasjonar utanfor institusjon. I nokon av desse tilfella er det også behov for politibistand for å beskytte helsepersonell, seier avdelingsleiar Yngve Arner til NRK.