Hopp til hovedinnhold
Ambulanse utenfor akuttmottaket i Åleseund. Foto: Live Oftedahl


Sjefen for Helse Møre og Romsdal vart med ambulansearbeidarane på jobb

Til dagleg er Øyvind Bakke administrerande direktør for Helse Møre og Romsdal.

Sist helg bytta han ut skjortesnippen med raud uniform og vart med ambulansetenesta i Hareid og Ulstein ut på oppdrag, skriv Vikebladet (krev innlogging).

– Det er viktig for meg å kjenne fagfolka sin kvardag og dermed drifta i Helse Møre og Romsdal godt, seier Bakke.

For å skaffe seg betre innsikt tek han gjerne turen ut til dei ulike avdelingane i Helse Møre og Romsdal. Mellom anna har han hospitert ved fødeavdelingane i Kristiansund og Molde, ved akuttmottaket ved Ålesund sjukehus og ved operasjonsavdelinga i Volda.

Denne helga var turen komen til ambulansestasjonen i Saunesmarka. Her fekk direktøren tildelt arbeidsuniform og ei seng. Etter å ha fått installert seg og blitt litt betre kjend med vaktlaget, vart det tid for første utrykking. Den gjekk til sjukehuset i Volda og vidare ut til Vigra med ein pasient som skulle sendast vidare medambulanseflyet.

Direktøren fekk også oppleve korleis natta kan arte seg for ambulansepersonellet, for det vart oppdrag både mellom klokka 24 og 02 og på morgonkvisten frå klokka 05 til 08.

– Fekk eit veldig godt inntrykk

– Eg har fått eit veldig godt inntrykk av ambulansetenesta i Hareid og Ulstein. Det er dedikerte folk som er opptekne av å sikre innbyggarane god beredskap i området sitt og eg vil rose kor genuint opptekne dei er av at pasientane skal ha det bra og av å sikre kvaliteten i tenesta.

Øyvind Bakke er utdanna sjukepleiar og fortel at han på sett og vis har gått gradene innanfor helsevesenet. Då han tok til som administrerande direktør for Helse Møre og Romsdal i desember 2019, kom han frå stillinga som sjukehusdirektør i det private helseselskapet Aleris.

– Det er alltid hyggeleg å få kome seg ut felten og treffe folk og sjå korleis arbeidsdagen deira er. Eg er nysgjerrig på kva som opptek dei tilsette og kva synspunkt dei har på ulike ting som går føre seg i helseføretaket. Dei er på si side ofte ivrige etter å dele erfaringane sine, fortel Bakke.

To ambulansar - 2000 utrykkingar

Ambulansestasjonen i Saunesmarka har 17 tilsette, inkludert ein lærling. Det er alltid fire ambulansearbeidarar på vakt, i tillegg til eventuelle lærlingar, hospitantar eller vikarar som er på opplæring. Desse er fordelt på to ambulansar.

– Vi har i snitt 6–7 turar i døgnet, fortel Georg Aursnes. Han er tillitsvalt for Norsk Sykepleierforbund si avdeling for bil- og båtambulansepersonell i Møre og Romsdal, ei avdeling som tel i overkant av 400 tilsette. Av desse er mellom 110 og 120 sjukepleiarar.

I året har ambulansane i Hareid og Ulstein rundt rekna 2000 utrykkingar.

Vaktlaga på ambulansestasjonen går vakter som varer i 2–3 døgn i strekk.