Hopp til hovedinnhold
Stian Sægrov. Foto: Helse Førde


Siste fase for prehospital plan i Helse Førde

Tredje og siste fase i arbeidet med prehospital plan i Helse Førde er i gang.

Denne fasen handlar om å innføre tiltak som vart gjort vedtak om i fase 2. Etter planen skal styret slutthandsame fase 3 i første halvår 2021, ifølge Fjordabladet. (krev innloggjing)

Arbeidet med prehospital plan har vore delt inn i tre fasar. 

I alt inneheld fase 2 av planen 39 ulike tiltak. Styret vedtok å arbeide vidare med nokre av tiltaka. Mellom anna skulle endringar som gjeld døgnbilen i Lavik greiast ut vidare.

For Ytre Bremanger vedtok styret å gå vidare med å gjere om døgnbilen der til ein einmannsbetent ambulanseressurs, alternativt redusere til ein ambulanse i kommunen.

Styret vedtok også at det skulle gjennomførast ei vurdering av kva konsekvensar det vil ha at Hornindal kommune er slegen saman med Volda, og dermed ikkje lenger fell inn under ansvarsområdet til Helse Førde.

Ei prosjektgruppe leia av Tom Guldhav, direktør for kirurgisk klinikk, styrer arbeidet. Under denne er det sett ned fire arbeidsgrupper. Ei gruppe ser på Lavik, ei på Ytre Bremanger, ei tredje arbeider med Hornindal og ei fjerde ser på samhandling med kommunane.

– Gruppene er godt i gang med arbeidet, sa Guldhav då han orienterte om fase 3 på styremøtet fredag 27. november.

Gruppene er sett saman av kommune- og brukarrepresentantar, tillitsvalde, verneteneste og tilsette i Helse Førde. Avdelingssjef for akuttmedisin, Robert Brennersted, leiar Lavikgruppa. Dei andre tre arbeidsgruppene er leia av ambulansesjef Stian Sægrov.