Hopp til hovedinnhold


Set kurs mot NM i hurtigfrigjering

Naudetatane i Sogn reiser til Ål i Hallingdal i dag. Sjå video frå førebuingane hos Sogn Avis.
Me var med naudetatane, med Sogn brann og redning i spissen, då dei gjorde dei siste førebuingane inn mot meisterskapen.
Det har blitt satsa seriøst, over tjue bilar har gått med i løpet av eit par månader.
– Me vil jo helst gjera det best mogleg, seier brannmeister og lagleiar Leif Jørgen Grangård.
Tida halvert
Hurtigfrigjering er ein teknikk, utvikla av Norsk Luftambulanse, for å frigjera personar som sit fastklemte i bil på raskast og tryggast mogleg måte. I tillegg til klippeverktøy, brukar ein kjetting og vinsj for å få tvinga open heile fronten på bilen.
I eit par år har det blitt arrangert NM i frigjeringsteknikken.
Laget frå Sogn har meir enn halvert tida den siste månaden, frå tjuetre minutt til under åtte. I dag vender dei nasen mot Torpomoen på Ål i Hallingdal, der NM går av stabelen torsdag.
Les meir om saka hjå Sogn Avis