Hopp til hovedinnhold


Schjenken får ikkje yrkesskadeerstatning

Den tidlegare ambulansearbeidaren Erik Schjenken får ikkje utbetalt yrkesskadeerstatning etter episoden i Sofienbergparken i 2007.

Høgsterett har gitt forsikringsselskapet Gjensidige medhald, skriv Mre.no.

Schjenken gjekk til sak mot Gjensidige fordi han utvikla ei posttraumatisk stressliding etter episoden i Sofienbergparken der somaliaren Ali Farah vart slått ned og ikkje fekk transport i ambulanse.

Forsikringsselskapet vart frikjent i Oslo tingrett, men Schjenken anka vidare til lagmannsretten som gav han medhald.

Gjensidige anka deretter lagmannsrettens bevisvurdering og rettsbruk inn for Høgsterett, som no har gitt selskapet medhald.

Høgsterett meiner at han ikkje fekk stresslidinga som følgje av episoden i Sofienbergparken, men at ho har utvikla seg «som følgje av psykiske påkjenningar eller belastningar over tid».

Høgsterett meiner derfor at stresslidinga må reknast som ein belastningsskade og dermed ikkje skal reknast som ein skade forårsaka av ei arbeidsulukke.

Les meir om saka hjå Mre.no