Medieklipp

Rapport frå ein ambulansestasjon
Stort fokus på smittevern.
Ambulansen står alltid parkert i vaskehallen, fordi han må vaskast og desinfiserast etter kvar tur. Slik er livet på ambulansestasjonen på Bømlo melder Helse Fonna.
– Her kjem ein ikkje berre på jobb, stemplar inn og ut, og går heim og får løna si. Dei tilsette her er også engasjerte og oppdaterer seg på fritida. Det er eit kjekt og interessant yrke, og dagane er aldri like.
Funksjonsleiar Tore Johannessen viser rundt på arbeidsplassen, som har flotte soverom med bad, som ser ut som hotellrom, godt utstyrt treningsrom, konferanserom og møte og undervisning, og sist, men ikkje minst, opphaldsrom med kjøkken som gjer at ein føler seg som heime.
Stasjonen i Hollundsdalen er ein av dei nyaste, flottaste og mest funksjonelle ambulansestasjonane i Helse Fonna. Og kvardagen består for tida av mykje reingjering, mykje meir enn normalt. Samstundes er dei heldige, fordi det er lett å innføra reine og skitne soner ved ein så ny og moderne ambulansestasjon.
Færre oppdrag
Dei tilsette er godt nøgde med kvardagen, også etter at koronapandemien slo inn og endra rutinane.
– Kvar morgon er det grundig reingjering av ambulansen, og i tillegg vaskar me etter kvar einaste tur, difor står han for tida konstant parkert i vaskehallen, fortel Johannessen.
Stasjonen vart opna i 2016, og her har dei 6,6 årsverk, pluss to lærlingar. Ein av lærlingane er Kjetil Nevøy frå Sand i Suldal. Han stortrvist i jobben, etter å ha omskulert seg frå røyrleggjaryrket.
– Eg angrar ikkje på yrkesvalet, og ser føre meg ei framtid i ambulansefaget. Men nett no er fagprøven litt i uvissa, men eg håpar det blir ei ordning på det, seier Nevøy.
Koronasituasjonen gjer at dei titt og ofte må på med fullt smittevernutstyr når dei skal ut på oppdrag. Men samstundes har det blitt færre oppdrag.
– Me har hatt ein nedgang på rundt 30 prosent sidan starten av mars, og det meste har vore akuttutrykkingar. Men no aukar mengda att, ettersom Helse Fonna aukar aktiviteten. Aktiviteten i ambulansetenesta speglar ofte aktiviteten i resten av føretaket, fortel Tore Johannessen, som vart tilsett i ambulansetenesta då Helse Fonna vart oppretta i 2002. Også han stortrivst i jobben.
Fast undervisning
– Ambulansetenesta er eitt av dei helsefaga som har hatt størst utvikling dei siste åra, frå å driva med meir eller mindre rein pasienttransport for 20 år sidan, til å i dag driva med prehospital og til dels avansert behandling, noko som set store krav til kompetanse, seier Johannessen, som i likskap med Nevøy er pendlar til Bømlo, frå bustaden på Norheim.
Som del av kompetanseutviklinga starta dei med fast vekentleg undervisning i januar i år, kvar torsdag. Då riggar dei seg til på det flotte og godt utstyrte konferanserommet, der undervisninga skjer via skjermen. Men då koronapandemien starta, har undervisninga blitt erstatta med informasjonsmøte. Men på sikt håpar dei å komma tilbake til meir normale tilstandar att, med fast kompetansepåfyll.
Les mer om saken hos Helse Fonna.