Hopp til hovedinnhold


Psykiatriambulansen utvidar til helg

Frå 24. mai utvidar "Psykebilen" i Bergen til helgedrift. – Dette er noko vi har ønska oss lenge, og som pasientane vil ha stor nytte av, seier seksjonsleiar Jarle Johannessen.

Frå 24. mai utvidar "Psykebilen" til helgedrift. – Dette er noko vi har ønska oss lenge, og som pasientane vil ha stor nytte av, seier seksjonsleiar Jarle Johannessen på Helse Bergens nettside.

Les også: Politiet lei psykiatriske oppdrag

Rogaland får psykiatriambulanse

Trøndelag ønsker seg psykiatriambulanse

Psykiatriambulansesuksess bør etterfølges

Den psykiatriske ambulansen er blitt tatt godt i mot av både pasientar, pårørande, politi og helsevesenet etter at den starta å køyre for snart fem år sidan.

For dei som ikkje kjenner psykiatriambulansen, ser den ut som ein vanleg ambulanse, berre litt større. Det er plass til både pasient, helsepersonell og pårørande bak i bilen, og den er utstyrt med det same som ein vanleg sjukebil.

I løpet av fem år med drift har psykiatrisk ambulanse i Bergen utført heile 5215 oppdrag. I dag er det i gjennomsnitt fem utrykkingar per vakt. Men på enkelte skift kan det vere opptil 13 turar.

Les meir om psykiatriambulansen på Helse Bergens nettside