Responstid

Prehospital sjukepleie ved akutt hjerneslag

Samhandling mellom sjukepleiar, AMK, lege og sjukehus kan vere avgjerande og minske pasientens skader ved akutt hjerneslag.

Publisert Sist oppdatert

Samhandling mellom sjukepleiar, AMK, lege og sjukehus kan vere avgjerande og minske pasientens skader ved akutt hjerneslag,skriv Jonny Sollid ambulansearbeidar i Volda i Sykepleien.

Omlag 15 000 personar vert årleg ramma av hjerneslag i Norge. Hjerneslag er den tredje hyppigaste årsaka til død, og ein dominerande årsak til alvorleg funksjonshemming. Berekningar som er gjort viser at eit hjerneslag i snitt kostar cirka 600 000 kroner, og at det samla sett i Noreg utgjer ein årleg kostnad på mellom 7–8 milliardar kroner.

Rask og god prehospital hjelp er ein av dei sentral faktorane for å betre prognosane til pasientar ramma av hjerneslag.

Etter innføring av legevaktsamarbeidet, er mi erfaring at legen ikkje alltid kan bli med ut på akuttoppdraget, då vedkomande kan ha over ein time køyretid ut til pasient på natt og i helgane.

Sjølv om utgangspunktet er at lege blir med ut på alle akuttoppdrag, erfarer eg at det i aukande grad blir vurdert slik av lege at ambulansepersonell kan handtere akuttsituasjonar på eiga hand.

Prehospitalt har ein ikkje moglegheit til å stille ei sikker diagnose eller å skilje dei ulike typane hjerneslag. Behandling vil difor basere seg på funn, etter identifisering av pasienten sine problem.

Om det er mogleg med behandling med til dømes trombolyse, avgjer tida frå symptomdebut til behandlingsstart. Det er difor viktig med rask identifisering av hjerneslag og eit effektivt, velorganisert samarbeid som sikrar pasienten riktig behandling til rett tid gjennom heile behandlingskjeda.

Som profesjonell sjukepleiar vil eit godt trena blikk vere særs viktig i vurderinga av pasienten sin tilstand og behov for omsorg, og for å vurdere vidare kva tiltak som må prioriterast først.

Forsking viser at det er ei overdiagnostisering av hjerneslag, og at ein av fire pasientar som får diagnosen hjerneslag ikkje har slag. Mesteparten av desse pasientane har ein annen nevrologisk sjukdom som ligg til grunn. Dette stiller krav til kompetanse innan hjerneslag, for identifisering av symptom og bruk av "FAST"-test.

Har undersøking av pasienten avdekka ein alvorleg tilstand, skal berre livreddande tiltak utførast før avreise. Ein kan då, om det er tid til det, utføre vidare tiltak under transport til sjukehus.

Eg har erfart at god førebuing på veg ut til pasienten, og hurtig handsaming hos pasienten, ofte er den best måten å redusere tida på akuttoppdrag.

Mi erfaring frå prehospitalt arbeid ute i distrikta ved lokalsjukehus, er at det ofte på kveld og i helgar ikkje er radiograf på sjukehuset, men at dei har heimevakt og må tilkallast. Dette er viktig å ha kunnskap om, då ein gjerne må varsle sjukehuset om nevrologiske funn svært tidleg for at CT/MR skal vere klart når ambulansen kjem til sjukehuset.

Les hele fagartikkelen i Sykepleien

Powered by Labrador CMS