Medieklipp

Ambulansepersonell i arbeid inne i ambulanse.

Pensjonistar med særaldersgrense kan få kraftige kutt i pensjonen

Mange offentleg tilsette som har lågare pensjonsalder enn andre arbeidstakarar, står i fare for å miste ein firedel av pensjonen når dei blir 67 år.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag møter dei regjeringa til forhandlingar, skriv NRK Norge.

Over 200.000 offentleg tilsette har særaldersgrenser som gjer at dei går av med pensjon tidlegare enn andre arbeidstakarar. For mange tilsette i blant anna politiet og forsvaret er pensjonsalderen 60 år.

Har du arbeidd i minst 28 år, kan du gå allereie når du er 57 år gammal. Det har vore lukrativt.

Men nye pensjonsreglar gjer at desse vil kunne få kraftige kutt i pensjonen når dei fyller 67 år, seier leiar i Norges offisersforbund, Torbjørn Bongo.

– Framtidige pensjonistar, spesielt dei yngste av medlemmane våre, vil kanskje gå ned 20–30 prosent i forhold til der dei har vore. I verste fall kan dei miste ein fjerdedel av pensjonen, seier han.

Til forhandlingsbordet

Grunnen til særalderspensjonistane kjem så dårleg ut er at særordningane berre gjeld til dei fyller 67 år. Deretter blir pensjonen rekna ut frå kor mange år dei har jobba, og det er færre enn andre yrkesgrupper.

No ønsker dei å få kompensasjon for tapet, og onsdag møter dei regjeringa til forhandlingar.

Etter det NRK erfarer har ikkje regjeringa lagt mykje pengar på bordet for å gjere pensjonane meir gunstige. Og når partane har blitt samde om pensjonane, skal dei sjå om særaldersgrensene skal bli endra eller fjerna.

Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS