Hopp til hovedinnhold


– På eit tidspunkt må eg innrømme at eg såg mørkt på situasjonen

Då den eine etter den andre meldinga tikka inn om brannen i Gudvangatunnelen på E16, såg beredskapssjef i Helse Førde, Stian Sægrov, ei stund mørkt på det, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Meir: Framleis 65 på sjukehus og – Et under at ingen døde
– I starten var det veldig kaotisk og uoversiktleg. Meldingane vart berre verre og verre, og det gjekk raskt frå å vere få personar til veldig, veldig mange personar. På eitt tidspunkt på eg innrømme at eg såg mørkt på situasjonen, seier Sægrov.
Han er sjef for ambulansetenesta i Helse Førde, og fungerer for tida som beredskapssjef i Helse Førde.
Stor var difor letta då meldingane kom om at folk kom springane ut frå tunnelen, ved eiga hjelp.
– Utover ettermiddagen og kvelden såg det faktisk ganske lyst ut, sjølv om det var mange på sjukehus, seier Sægrov.
Det var enorme ressursar i sving.
– Vi hadde fem ambulansar i sving inne i Sogn, pluss seks her i Førde for å ta seg av transport til og frå. Bergen hadde åtte ambulansar, i tillegg til at vi hadde fem helikopter. Av dei var to redningshelikopter frå Florø og Sola, seier Sægrov.

Evaluering

At ulykka hende inne Norges nest-lengste vegtunnel, gjorde redningsarbeidet ytterlegare krevjande.
– Vi er avhengige av at brannvesenet kan rykkje inn og få røykdykkarar inn der. Vi kan ikkje reise inn i tunnelane før det er klarert av brannvesenet, seier Sægrov.
Han fortel at det var mange tankar som kverna i hovudet då han omsider tok kvelden i går.
No er det tid for evaluering.
– Det vil bli gjort evaluering av innsatsen blant dei som var involverte, og så vil dette bli samla i eit større dokument, seier Sægrov.
Les meir om saka hjå NRK