Medieklipp

Opprettar kriseteam for å ta seg av passasjerane

Publisert Sist oppdatert

To alvorleg skadde etter bussulykka er frakta med luftambulanse til Haukeland, og tre lettare skadde til Førde sentralsjukehus. Nettbuss fraktar alle andre involverte til Sogndal hotell, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Les også hos NRK: Omdirigert etter Gudvangaulykken - men veien er for smal
Politiet fekk melding om ulykka klokka 16:58. To bussar frontkolliderte, og to personar omkom i ulykka. Klokka 18:40 opplyser AMK til NRK.no at to hardt skade blir frakta til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Tre lettare skadde blir frakta til Førde sentralsjukehus.
Sju personar er frakta til Sogndal hotell. Fleire passasjerar er på veg, og totalt er det venta at 30 involverte personar blir samla på hotellet. Dei er råka, men ikkje fysisk skadde.
Sogndal kommune har oppretta kriseteam på Sogndal Hotell. Ordførar Jarle Aarvoll seier at då han fekk meldinga om ulukka i 18-tida forstod han raskt at det var behov for å sette ei kriseleiing.
– I tillegg til dei som er skadde er det mange involverte som treng oppfølging. Vi har samla dei på Sogndal Hotell, der er det helsepersonell, både lege, helsesøster, sjukepleiarar og psykolog. Dei vil vere der utover natta, så lenge det er behov.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS