Hopp til hovedinnhold
AMK Bergen. Foto: Live Oftedahl


Opna AMK LA Vest

Kl. 09 tysdag overtok AMK Bergen koordinering og flight following av luftambulansen i Stavanger, kl. 10 var også Førde med. Éin time seinare erklærte administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen AMK LA Vest for offisielt opna. Då var dei første oppdraga alt handtert.

– Gratulerer med vel gjennomført AMK LA-mottaksprosjekt, og gratulerer med opning av R-AMK og AMK LA, sa Hansen etter å ha klippa snora framfor det som skal vere LA-koordinatoren sin faste plass i AMK Bergen.

Hansen gav honnør til alle involverte og rosa samarbeidet i prosessen fram mot ein regional AMK LA-funksjon. Han meiner det er all grunn til å vere optimistisk med tanke på framtida, skriv Helse Bergen i ei nyhetsmelding.

Skal vere bra for heile regionen

– Ved å gjere dette til ein regional funksjon trygger vi både pasientane og dei tilsette. Vi skal jobbe vidare for at dette skal vere bra for heile regionen, og saman oppfylle visjonen om å skape noko som er betre enn det vi er kvar for oss, sa Hansen.

Også klinikkdirektør Hanne Klausen i Kirurgisk serviceklinikk trekte fram det gode samarbeidet som har vore etter at vedtaket om å legge sentralen til Bergen vart fatta. Prosjektleiar Shamini Murugesh fekk ros for å ha styrt AMK LA- mottaksprosjekt med stødig hand, og med god involvering både internt og eksternt.

Klausen peika på at det ikkje var sjølvsagt at samarbeidet skulle gå så godt, då det var to sentralar som begge ønskte og var aktuelle for å få den regionale funksjonen, nemleg Bergen og Stavanger.

– Helse Vest hadde eit luksusproblem, og måtte velje mellom fleire sterke fagmiljø, sa Klausen.

Ho understreka samstundes at tilbakemeldingane på prosessen frå vedtak til opning har vore gode, frå alle involverte.

Tett samarbeid

Det har vore eit tett samarbeid med alle AMK-sentralane i Helse Vest og dei ulike luftambulansebasane i arbeidet med å bygge opp den sentrale AMK LA-funksjonen.

I tråd med vedtaket frå styret i Helse Vest har det også vore eit nært samarbeid med AMK Oslo.

– Og no begynner jobben, avslutta klinikkdirektøren, og gratulerte AMK-leiar Karoline Tyssøy Pedersen med dagen.

Pedersen er leiaren til dei til nye LA-koordinatorane som skal ha sin arbeidsstad i AMK Bergen.