Medieklipp

Ålesund.

Ny helikopterbase i Ålesund

Ei veke med feiring må til når den nye helikopterbasen ved Ålesund sjukehus endeleg står klar.

Publisert Sist oppdatert

Mandag forrige veke kunne det første mannskapet “busette seg” i den nye helikopterbasen ved Ålesund sjukehus, skriv Helse Møre og Romsdal på sine nettsider.

I 11 månader har dei jobba på ein kombinert helikopterbase og byggeplass i ein hårfin balanse. Alt har vore styrt til den minste detalj.

– Det har vore veldig krevande. Byggeprosjektet har vore så tett inn på drifta. Her har entreprenøren til dømes saga hol i murveggen inn til helikopterhangaren der vi får inn pasientane til sjukehuset.

Eg er imponert over entreprenøren og suksessfaktoren har vore tett dagleg dialog. Flaks er ikkje noko vi operere med, fortel basesjef frå Norsk Luftambulanse Harald Jøsendal.

400 nye kvadratmeter

I tillegg til ein betydeleg oppgradering av eksisterande bygg, har helikopterbasen fått tilbygg med 400 nye m2. Dette har vore ei etterlengta oppgradering for dei tilsette som bur på basen når dei er på vakt.

– No har vi fått Noregs beste luftambulansebase, det er eg nok så sikker på, smiler basesjefen og legg til at dei har hatt besøk av forgjengeren som sjølv seier at slaget er tapt, dette er Noregs beste base.

Basen har godt isolerte soverom, treningsrom, stor garderobe med personalinngang, garasje for legebil, kontorfløy og eit romsleg fellesareal med moderne kjøkken, opphaldsrom og utgang til takterrasse.

Viktig for beredskap en i fylket

– Tilfredsstillande fasilitetar for kvile og ro i løpet av døgnet er viktig og ei styrking av beredskapen, seier klinikksjef Lars Erik Sjømæling.

Han fortel at dei prehospitale tenestene i Møre og Romsdal utfører over 36 000 ambulanseoppdrag i året.

Luftambulansen er ei svært viktig teneste som bidreg til at Helse Møre og Romsdal kan tilby likeverdige akuttmedisinske tenester for alle innbyggarane i Møre og Romsdal.

Les saken på Helse Møre og Romsdal sine nettsider.

Powered by Labrador CMS