Innenriks
NRK ankar video-nekt i legevaktsaka
NRK ankar til lagmannsretten for å få utlevert videoen som viser korleis Erik Are Stedt blei kvelt til døde under eit basketak med politi og ein ambulansearbeidar på Oslo legevakt i 2012, skriv NRK Norge.
Politiet har forklart at dei blei angripne av Stedt, men vitne har forklart ein annan versjon - at han berre prøvde å koma seg vekk. Riksadvokaten meiner at ingen av dei involverte gjorde noko straffbart oghar lagt vekk saka.
NRK har bede om innsyn i overvakingsvideoen for å få på det reine kva som skjedde, men både Spesialeininga for politisaker, Riksadvokaten og Oslo tingrett har avslått.
No ankar NRK avgjerda inn for Borgarting lagmannsrett.
– Når samfunnsmedlemmer døyr i samband med ei pågriping, er det ei sak av allmenn interesse. Forklaringane om sjølve hendinga var sprikande. NRK ønskjer å få ut fakta om kva som eigentleg skjedde, og har difor valt å gå rettens veg for å få videoen, seier reportasjeredaktør i NRK, Alexandra Beverfjord.
Saka er også prinsipielt viktig, ifølgje Beverfjord.
– Dette er ei svært alvorleg sak som også er heilt i kjernen av samfunnsoppdraget. Me som presse skal ha ei kontrollerande rolle og beskytta enkeltpersonar og grupper mot overgrep frå offentleg styresmakter, seier reportasjeredaktøren i NRK.
Spesialeininga for politisaker står likevel fast ved at media ikkje bør få innsyn.
– Me meiner utifrå gjeldande reglement i politiregisterforskrifta at det ikkje er grunnlag for å gje media innsyn. Det er opplysingar av personsensitivt innhald i videoen og det er andre personar enn dei etterlatne i saka som me må ta omsyn til, seier juridisk rådgjevar i Spesialeininga Camilla Lie.
Les meir om saka hjå NRK