Utenriks

Noreg sender kommunikasjonsutstyr til katastrofeområdet

Publisert Sist oppdatert

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sender i morgon 70 tonn med kommunikasjonsutstyr til Filippinane ogKnut Kjørkleiv, som til dagleg jobbar som jobbar i ambulansetenesta i Kristiansand, reiser med utstyret til Örebro i Sverige, der den nordiske innsatsen blir samla, skriv NRK Verden.

– Vi skal hjelpe FN med å setje opp ein kommunikasjonssentral, slik at det blir lettare å koordinere hjelpearbeidet, seier Kjørkleiv til NRK.no. Han reiser til Filippinane som del av ein felles nordisk innsats gjennom organisasjonen IHP, International Humanitarian Partnership, Internasjonalt humanitært partnerskap.
Dette er det første konkrete norske offisielle bidraget til hjelpearbeidet i Filippinane, ved sidan av dei 20 millionar kronene regjeringa har løyvd .
Utstyret frå dei nordiske landa blir lasta om bord i eit Hercules transportfly frå det svenske forsvaret, som skal ta dei til Filippinane.
– Mi oppgåve blir å etablere kommunikasjonssentralen som skal gi sikre telefon- og dataliner via satellitt. I tillegg skal det setjast opp eit lite datanettverk for koordinering av hjelpearbeidet, seier Kjørkleiv.
Kjørkleiv er ein erfaren hjelpearbeidar. Dette blir hans åttande oppdrag ute i felt, denne gongen med DSB som oppdragsgivar. DSB har igjen FN som sin oppdragsgivar. Tidlegare har han blant anna jobba for Røde Kors ute.

Fryktar dødstala vil stige

Hjelpearbeidarane i dei verst ramma områda i Filippinane står overfor enorme utfordringar. Det er frykt for at over 10.000 menneske har mist livet i tyfon-katastrofen berre i provinsen Leyte. Det er frykt for at dette talet vil stige ytterlegare.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS