Hopp til hovedinnhold
Illustrasjonsfoto: Live Oftedahl


No blir ambulansane "elektroniske"

I januar startar arbeidet med å gjere pasientjournalar i ambulansane elektronisk i Helse Førde.

Elektroniske pasientjournalar vil betre pasienttryggleiken, skriv Fjordabladet (krev innloggjing).

Innføringsprosjektet som startar over nyttår, betyr slutten for papirjournalar i ambulansane.

I staden for å skrive med penn på papir, skal ambulansepersonell registrere funn og observasjonar på nettbrett. @

Akuttmottaka på sjukehusa kan sjå informasjon om pasientar i ambulansane i sanntid, og betre planlegge mottak og vidare behandling av pasienten.

– Innføringa vil redusere faren for mistydingar, informasjonstap eller brot på pasienttryggleik ved munnleg overføring av informasjon. Tilgjengeleg informasjon om pasienten gjer at helsepersonell i den prehospitale kjeden kan samhandle betre, seier Stian Sægrov, ambulansesjef i Helse Førde i ei pressemelding.

Betre deling av informasjon

I dag fører ambulansepersonell informasjon om pasientar i ein papirjournal som dei leverer i akuttmottaket eller på legevakt.

Dette er ein pasienttryggleiksrisiko og er utfordrande med tanke på effektive pasientforløp mellom ambulanse, legevakt og sjukehus.

Papirjournalane frå ambulansen blir lagt inn i pasientjournalsystemet DIPS i ettertid, noko som krev ein god del manuelt arbeid og forseinkar tilgangen for helsepersonell.

Innføringane sikrar at akuttmottaka får meir informasjon enn det som blir formidla via AMK eller i nødnett, før ambulansen leverer pasienten. Helsepersonell i ambulansane kan på same vis få betre støtte og rådgjeving frå sjukehuset under transporten.

– Elektronisk journal i ambulansane styrkar tryggleiken både for pasientane og ambulansepersonellet, seier Sægrov.