Medieklipp

Når måla for «korona-lageret» neste år
Tilgangen på smittevernutstyr er god, med unntak av hanskar.
Det nasjonale beredskapslageret når måla sine med god hjelp av fleire norske produsentar, skriv NRK Rogaland.
– Pustevern har eit forbruk som er meir enn 50 gonger normalt årsforbruk i helsetenesta, seier fagdirektør Svein Lie i Helsedirektoratet.
Men trass i auka bruk av smittevernustyr og ekstrabestillingar, blir måla for det nasjonale beredskapslageret nådd første kvartal neste år.
Det er godt nytt for dei som i vår frykta mangel på smittevernutstyr.
– Den internasjonale tilgangen på smittevernutstyr er generelt god med unntak av hanskar. Hanskar blir i all hovudsak produsert i Malaysia og dei har ikkje klart å oppskalera produksjonen for å møta etterspurnaden, seier fagdirektør Lie.
For Noreg sin del er hanskemangelen utfordrande, men ikkje kritisk, ifølge direktoratet.
Den siste oppdateringa viser blant anna denne lagerbehaldninga for spesialisthelsetenesta (tal frå veke 50):
- Hanskar: Drygt 113 millionar
- Kirurgisk munnbind: Drygt 60 millionar
- Smittefrakkar: Drygt 7,8 millionar
Fleire norske produsentar
Det er gjennom året inngått ei rekkje avtalar med ulike norske produsentar av smittevernutstyr. Dei bidreg til å fylla opp beredskapslageret.
Det er etablert norsk produksjon av munnbind, pustevern, stellefrakkar og noko visir.