Luftambulanse

Milliardinvesteringar i Helse Vest

Publisert Sist oppdatert

616 millionar kroner skal mellom anna gje nytt bygg for luftambulansen og dei sokalla prehospitale tenestene ved Førde sentralsjukehus, skriv Sogn Avis.
Helse Vest-styret vil bruka 2,4 milliardar kroner på å utvikla og byggja ut sjukehusa i dei fire helseføretaka på Vestlandet.
Av den nemnde milliardsummen, ser det ut for at om lag kvar fjerde krone kjem til å bli brukt i Helse Førde.
Føresetnaden for å få gjennomført investeringsplanen i Helse Førde, er at drifta av helseføretaket kjem ut med eit resultat som minst er i balanse. I år skal helseføretaket ha eit overskot på fem millionar kroner, medan det er lagt opp til eit nullresultat både i 2014 og 2015.
Les meir om saka hjå Sogn Avis

Powered by Labrador CMS