Innenriks
Meir og meir folk, men færre oppdrag
Trass i stor utfart i påskefjellet har det i år vore svært få oppdrag for Røde Kors og Norsk Folkehjelp. – Vi har sett denne trenden utvikle seg dei siste åra, seier Geir Henning Hansen i Røde Kors til NRK Sogn og Fjordane.
Han har jobba i hjelpekorpset i rundt 25 år og har aldri opplevd ei så roleg påske som i år.
– Det blir fleire og fleire folk ute ved fint vêr, men samstundes blir det færre og færre ulukker, seier han.
Hansen meiner denne trenden kan tyde på at viktig informasjon har nådd fram og at folk har teke den til seg.
– Det er jo veldig positivt at folk høyrer etter. Vi skal ikkje mange åra tilbake før det var heilt andre tal på oppdrag, med både skader, leiteaksjonar og slike ting, seier han.
– Førebygginga fungerer
Han har inntrykk av at folk meir forsiktige med å gå i farleg terreng, sjølv om det framleis er nokre få som tek sjansar. Og også Norsk Folkehjelp opplever at talet på skader i påskefjellet har gått ned, trass i at det har vore svært stor utfart.
– Dei siste åra har vi ikkje hatt dei store skadane, så det viser jo at førebygginga fungerer, seier Solheim.
Les meir om saka hjå NRK