Hopp til hovedinnhold


Manglar felles datasystem

Dei fleste AMK-sentralane har i dag heilt ulike datasystem, noko som gjer det vanskeleg for dei å samarbeide, og kan føre til svikt ved katastrofar, melder NRK Sogn og Fjordane.
Etter 22. juli skulle AMK-sentralane i Norge endrast og moderniserast. Men det er framleis store manglar, viser eit dokument frå Helsedirektoratet.
Robert Brennersted er avdelingssjef for akuttmedisin på Førde Sentralsjukehus. Han seier at AMK-sentralane samarbeider godt via telefon.
– Vi har eit godt samarbeid, men det føregår stort sett med tale, felles IKT-system kan vi ikkje seie at vi har i særleg stor utstrekning.
Helsedirektoratet har funne fleire manglar hos AMK-sentralane i Norge. Det største avviket er at sentralane i dag har heilt ulike datasystem.
Uten eit felles datasystem trur direktoratet det vil vere stor fare for ein alvorleg svikt mellom sentralane. Robert Brennersted ser denne risikoen.
– Dei verktøya vi har er ikkje spesielt godt tilrettelagt for samarbeid mellom sentralar.

Felles rettleiing

Helsedirektoratet peikar på at det heller ikke er nasjonale krav for korleis sentralane skal samarbeide i kritiske situasjonar. Direktoratet ønskjer at alle sentralane i Norge skal ha ei felles rettleiing. Brennersted ønskjer dette velkomen.
Les meir om saka hjå NRK