Hopp til hovedinnhold
Scootersleden rigges før testing av kompresjoner under transport. Her med Corpuls, ikke Lucas. Foto: Øyvind Østerås.


Mange innsamlingsaksjonar for livreddande hjartemaskin

Hjartekomprimeringsmaskina «Lucas» er eit ønskt verktøy hos ambulansetenesta, men ho er ikkje rekna for standardutstyr.

Derfor tek ikkje alle sjukehus seg råd til å kjøpe ei slik maskin, skriv Firda Tidend.

Over heile landet er det innsamlingsaksjonar på gang for å få inn om lag 150.000 kroner som maskina kostar.

Maskina Lucas gir kontinuerleg kompresjon og stabil rytme som kan redde liv. Med ei slik maskin kan pasienten fraktast til sjukehuset samtidig som hjartekomprimering går føre seg. Utan den må ambulansepersonellet gjere jobben på eiga hand.

– Dette skulle vore standard i alle ambulansar. Ein skal ikkje drive lotteri for å få inn pengar til slike maskiner, seier leiar i Ambulanseforbundet, Ola Yttre, til NRK.

NRK har funne så mange som 12 innsamlingsaksjonar på Spleis til ei slik Lucas-maskin. Frå Andøy i nord til Vennesla i sør og Folldal i aust. Desse kjem i tillegg til fullførte og planlagte aksjonar.

– Styresmaktene må få maskina inn i alle ambulansar, spesielt i distrikta der det er langt til sjukehusa, seier Yttre.

Til det svarer senior kommunikasjonsrådgivar Elisabeth Johansen frå Helse- og omsorgsdepartementet i ein e-post til NRK:

– Her må du kontakte dei regionale helseføretaka, som prioriterer sine investeringar innanfor sine budsjettår, og vurderer om dei vil prioritere hjartekomprimeringsmaskiner.