Hopp til hovedinnhold


Må ikkje bli eit skalkeskjul

«Når vi snakkar om liv og død er 20 minutt lysår,» skriv ein lesar i Avisa Nordhordland.
Avisa Nordhordland fortalte laurdag om prosjektet «Mens du ventar på ambulansen» som no er innført i Austrheim. Prosjektet handlar enkelt fortalt om at brannmanskap no har fått oppgradert kompetanse på livreddande førstehjelp og skal kunne rykka ut og hjelpa i påvente av ambulanse.
Intensjonen med prosjektet er god. Austrheim har i dag berre ein ambulanse stasjonert i kommunen. Ofte vil denne vere på veg til Bergen og Haukeland, og då er den næraste ambulansen i beste fall i Knarvik, om lag 20 minutt unna. Når vi snakkar om liv og død er 20 minutt lysår. I dei mest kritiske tilfella handlar det om minuttar for å redda liv.
Liknande prosjektet er allereie innført i rundt 100 norske kommunar. Eit par av dei finn vi i vår eigen region. Masfjorden og Gulen var begge tidleg ute. Det kan høyrest komisk ut, men der er gamle ambulansar frå Helse Bergen kjøpt opp og bygd om til ein utrykningseinheit som kan handtera både ulykker og brannar. Må nokon på båra, har bilane plass til det. Samstundes kan bilane driva enkel brannsløkking med skum. Etter det Avisa Nordhordland kjenner til er erfaringane gode.
Det er likevel grunn til å ha ein sunn skepsis når det opprettast slike tilbod. Ei godt utbygd ambulanseteneste er heilt avgjerande for at innbyggjarane i distrikta kan kjenna tryggleik for liv og helse. Vi ser i dag ei rekkje oppbygde samfunnstruktrar er under press fordi bedriftsøkonomiske kriterier blir lagt til grunn. Lokalsjukehus, politi, høgskular, vidaregåande skular og andre tenester blir sentralisert i stadig større grad. Dette verkar å skje uavhengig av kva regjering vi har.
Det er difor ikkje utenkeleg at ambulansetenesta blir satt søkelys på i eit meir nasjonalt perspektiv. Vi kjenner allereie mantraet; «større einingar», «betre fagmiljø», «meir robust», «tenesta blir kvalitativt betre». Desse og liknande omgrep vert stadig nytta i slike prosessar. No understrekast det klart at det nyoppretta tilbodet i Austrheim ikkje er eit forsøk på å bygga ned ambulansetenesta, og vi har heller ingen grunn til å tru at det er i ferd med å skje. Men det kan vera lettare å foreslå i etterkant av at slike tilbod er oppretta.
At brannmannskap blir betre på førstehjelp er utelukkande positivt, men dei blir ikkje ambulansepersonell ved å ta nokre kurs.
Les heile kronikken i Avisa Nordhordland