Hopp til hovedinnhold


Lurte døden, trumfa smertene og vann tilbake livet

Synet som møtte brann- og ambulansepersonellet inne i Mundalsbergtunnelen var dramatisk: To vraka bilar, fire personar med lettare skader og ein mann fastklemt og i dårleg forfatning. No talde kvart sekund, skriv Nordhordland.
Til alt hell skjedde ulukka like etter at brannvesenet i Lindås og Meland hadde vorte kursa i hurtigberging, og Johnny vart den første personen i Nordhordland som vart frigjort frå eit vrak ved hjelp av denne metoden. Det berga livet hans.
Lynraskt arbeid frå brann- og ambulansepersonell redda livet til Johnny Osberg i 2005. Men vegen tilbake til eit verdig liv utan medisinar har vore lang:
Kalenderen viser 27. januar 2005. Johnny Osberg og kona Camilla er på veg nordover frå Holme for og drikka kaffi med Johnny sin bror. Klokka 17.17 køyrer dei inn i Mundalsbergtunnelen. Johnny har langlysa på, men ser refleksjonane frå ein møtande bil rundt ein sving, og blendar tidleg ned. I det svingen vert oversiktleg, kjem det fire lys imot bilen ekteparet sit i.
Ein bil med tre ungdommar i er midt i det lensmann Einar Vatne seinare omtalar som ei horribel forbikøyring, og vegbana er full. Det er ikkje plass til ein tredje bil i breidda.
– Eg hugsar eg hadde tid til og tenka at her kan det ikkje vera plass til fleire bilar, og at eg anten kunne kasta min bil i fjellveggen, eller prøva å koma meg mellom bilane. Eg valde det siste, og det gjekk ikkje, seier Johnny Osberg til Nh, nesten ni år etter ulukka.
Avgjerda hans redda etter alle solemerker kona Camilla frå alvorlege skader. Ho kom frå det som vart ein veldig stygg kollisjon med eit lite brot i fotbladet. For Johnny gjekk det alvorleg mykje verre. Han var bevisstlaus i 20 minutt. I løpet av denne tida hadde Camilla, i sjokktilstand, fått stoppa ein annan bil, og bergingsmannskap var på veg.
«The golden hour»
– Bilen vart opna med hjelp frå to bergingsbilar og hydrauliske verktøy. Brannfolka og ambulansefolka samarbeida godt, og arbeidet vart effektivt utført. Mannen var på sjukehuset innan ein time, det vi kallar «the golden hour», sa Nils Medaas i brannvesenet til Nh like etter ulukka.
På Haukeland vart det kjapt konstatert at det stod dårleg til med Johnny. Skadeomfanget var som henta ut av ein skrekkfilm. I kollisjonen hadde mellombukmuskelen hans rakna, og alle innvolane var dytta opp i brystet. I tillegg hadde han fem brot i bekkenet, knekt brystbein, to skamslåtte skuldrer og to ribbeinsrekkjer som knapt hadde eit heilt bein i seg. Som om ikkje det var nok hadde han knust bakruta i bilen med sitt eige bakhovud, og meir eller mindre heile venstresida hans var blåsvart.
– Det stod verkeleg dårleg til. Ein kar som kom inn med tilsvarande skader omtrent samtidig som meg overlevde ikkje. Han hadde litt lenger veg til sjukehuset. Eg lever i dag takka vera innsatsen til bergingsmannskapa på ulukkesstaden, og ein ambulansesjåfør som brukte 20 minutt frå Mundalsberget til Haukeland, slår Johnny fast.
Les meir om saka hjå Nordhordland