Hopp til hovedinnhold
Norsk Luftambulanses nye ambulansehelikopter. Illustrasjonsfoto: Luftambulansetjenesten HF
Norsk Luftambulanses nye ambulansehelikopter i 2019. Illustrasjonsfoto: Luftambulansetjenesten HF


Luftambulansen i Bergen risikerer å stå utan base

Fortetting og byutvikling i Bergen tvingar vekk basen til luftambulansen.

No opnar sjukehuset for å flytte basen ut av kommunen. Tilsette fryktar for pasienttryggleiken, skriv NRK Vestland.

I 32 år har luftambulansen i Bergen hatt base ved Store Lungegårdsvann, ikkje langt frå Haukeland universitetssjukehus.

Men byutvikling og fortetting tving basen vekk, noko BT og BA har omtala før.

Kommunen har sidan 2012 hatt ein plan om å plassere basen på andre sida av vatnet, men Statens vegvesen meiner helikoptera då vil trekke merksemda til bilistane vekk frå vegen.

No opnar Haukeland sjukehus for å flytte basen vekk ut av Bergen kommune. 

– Både Askøy, Sotra og Os kan vere alternativ. Må vi først flytte ut, må vi sjå på kva som er dei beste alternativa, seier Geir Egil Pedersen, avdelingssjef for prosjektkontoret til Haukeland universitetssjukehus.

Det skapar frykt hjå andre delar av sjukehuset. Hanne Klausen, klinikkdirektør ved Haukeland universitetssjukehus har tidlegare jobba 16 år som akuttlege om bord i luftambulansen.

Ho er uroa for konsekvensane dersom basen må ut i ein nabokommune, og dermed ligge langt unna sjukehuset. Ho peikar på at personalet på ambulansen har strenge krav til kviletid og arbeidstid.

– Er vi plassert langt frå sjukehuset blir det mykje tomkøyring, og då blir det mindre tid til pasientkøyring, seier klinikkdirektøren.