Hopp til hovedinnhold


LHL ber for naudsentralen

For hjarte- og lungesjuke betyr lokalkunnskapen mykje når dei skal få hjelp frå naudsentralen, melder Sogn Avis.

I ein uttale frå fylkesårsmøtet i Landsforeingen for hjerte- og lungesyke (LHL) Sogn og Fjordane kjem dei med kravet om at akuttmedisinsk naudsentral i Sogn og Fjordane må bevarast.

Ny sentral

Helse Førde har nyleg bygt ein ny akuttmedisinsk naudsentral til 160 millionar kroner i tilknytning til Sentralsjukehuset i Førde. Denne tenesta fungerer godt for innbyggjarane i Sogn og Fjordane, og LHL i fylket ser med uro på at sentrale styresmakter ivrar etter å sentralisere naudsentralane i ei større eining i Bergen.
For innbyggarane er det viktig å vita at ein har ein velfungerande naudsentral der operatørane også har geografisk lokalkunnskap, heiter det i uttalen.
Les meir om saka hjå Sogn Avis