Medieklipp
Legg vekk sak etter overfall på ambulansestasjonen i Stryn
Politiet legg vekk saka mot den ambulansetilsette i Stryn som var mistenkt for falsk politimelding, melder NRK Sogn og Fjordane.
Bagrunn: Overfalt inne på ambulansestasjon og Ambulansepersonell er sterkt prega
Det var natt til 11. november i fjor at ein ambulansetilsett melde frå til politiet at ho var overfallen og påført knivskadar inne på ambulansestasjonen i Stryn.
Politiadvokat Anette Stegegjerde Norberg seier saka vert lagt vekk på grunn av manglande bevis i saka.
– Vi har etterforska om det har vore ei falsk melding til politiet. Vi har etterforska for og imot ein slik teori gjennom vitneavhøyr og prøvd å hente inn opplysingar. Ein har kome fram til at gjennom det strenge beviskravet som er i straffesaker, så var detkkje bevis nok til å kunne tiltale nokon for falsk politimelding, seier ho til NRK.no.
Meir om saka: Jobbar vidare med ambulansesaka
Mann var sikta
Etter det påståtte overfallet i haust sette politiet inn store ressursar fordi dei såg svært alvorleg på saka. Norberg seier dei dreiv ei grundig og god etterforsking. Fleire personar blei sjekka i saka og ein mann blei pågripen og sikta.
Les og: Trur gjerningsperson jakta medisin, Har pågripe person etter overfall og Fri for mistanke etter overfall
I mars kom politiet fram til mannen ikkje stod bak overfallet og la vekk saka mot han.
Les meir om saka hjå NRK