Hopp til hovedinnhold


Legevakta trudde det var omgangssjuke – kvinne døydde

Legevakta forstod ikkje at kvinna var dødssjuk, men trudde ho hadde omgangssjuke. Ho burde blitt sendt til sjukehus i helikopter, meiner Fylkesmannen, ifølgje NRK Møre og Romsdal.
Kvinna vart stadig dårlegare og familien var redde. Dei ringde legevakta i Ålesund tre gongar.
Legevakta trudde det var omgangssjuka og bad heimesjukepleia i den vesle sunnmørsbygda om sjå til kvinna. Då ein assistent frå omsorgssenteret kom, var tilstanden så kritisk at kvinna blei sendt til sjukehus i ambulanse. Det legen trudde var omgangssjuke, viste seg å vere multiorgansvikt. Kvinna døydde på sjukehuset.

– Ikkje forsvarleg helsehjelp

Dødsfallet skjedde i 2017. No konkluderer Fylkesmannen med at kvinna ikkje fekk forsvarleg helsehjelp. Fylkesmannen har inntrykk av at legen ynskja å unngå at pasienten kom til legevakta. I rapporten står det at det verkar som om legen ikkje tenkte på at symptoma kunne skuldast noko anna enn omgangssjuke.
Fylkesmannen skriv at legen på eit tidleg tidspunkt burde ha bestilt helikoptertransport til pasienten. Saka får ikkje konsekvensar for helsepersonellet på legevakta.
Les meir om saka hjå NRK