Innenriks
Legar svara ikkje på alarm
Under ein test av det interne varslingssystemet i Helse Førde fekk ikkje Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) kontakt med ortopedisk og kirurgisk overlege, skriv Firda.Det melder Helse Førde på nettstaden sin.
Må følgje faste rutinar
Alle legar som har vakt på sjukehuset skal etter retningslinene ha med seg VHF-callingar som er kopla til helseradionettet. Dette sambandet vert testa ein gong i veka ved at AMK sender ut ein test-alarm.
Ved ei reell hending kunne det blitt vanskeleg å få tak i desse legane ved utkalling. Ved ein akuttsituasjon må AMK følgje faste rutinar for å slå alarm, og kan ikkje bruke tid på å leite etter legar som ikkje svarar på callingen, skriv Helse Førde.
I tillegg til vakt-callingen, skal vakthavande overlegar òg ha med seg vakttelefon og privattelefon. Under denne testen var kirurgisk lege ein sommarvikar som ikkje var godt nok kjend med rutinane.
Helse Førde og pasientane er avhengig av at dei som til dømes er med i traumeteam kjem når alarmen går. Det er derfor avgjerande at alt personell får opplæring i å bruke callingane, og er dei er tilgjengelege ved utkalling.
Les meir om saka hjå Firda